3. søndag i treenighetstiden

Kjetil Kringlebotten, sokneprest i Kvinnherad

Kort om kyrkjeårsdagen

3. søndag i treeiningstida er ein dag det kan vere litt vanskeleg å finne tema for, ved fyrste augekast. Dei forskjellige evangelietekstane heng ikkje nødvendigvis direkte saman, men når ein går djupare inn i det så ser vi at dette handlar om det å vere læresvein og det å ha fellesskap eller kommunion med Gud, knytt til det himmelske gjestebodet, kallinga av læresveinane og Jesus som tek imot borna. Tre sentrale tema: dåp, kall og livet som læresvein.

Dagens bøn

Evige Gud, all gledes kjelde, du bad oss å gå ut og innby til den store festen din. Vi bed deg: Foréin oss ved nattverdbordet så vi blir styrkte på vegen mot det himmelske gjestebodet, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.

Kommentar

Fokuset i denne bøna er på ‘det himmelske gjestebodet’ og på nattverden. 1. tekstrekkje preger kanskje bøna litt vel mykje, men den raude tråden som går gjennom dette og gjennom tekstane er fellesskapet og kommunionen. Jesus kallar folk, born og vaksne, til å vere læresveinar og til å ha fellesskap, og spesielt bordfellesskap, med seg. Denne søndagen bør det altså vere nattverd og ein bør kanskje i preika peike på det at nattverden er det sentrale ‘kommunionsmerket’ i kyrkja, at dette er knytt til dåpen og at vi er kalla til å leve ‘eukaristisk,’ slik den britiske teologen D. Stephen Long seier det: «In baptism we receive faith, through which we recognize our place in God’s economy. This recognition is sealed, strengthened, and renewed in the celebration of the Eucharist. The blessed meal is our participation in the life of God, and all of our life is to have its intelligibility from the centrality of that meal. Such a meal makes us holy and cultivates in us the practice of koinonia, which is both our communion around the table and our communion with God» (Divine Economy, London: Routledge, 2000, s.234).

Salmeval

Salmane bør ha preg av fellesskaps- og kommunionsaspektet og at dette har konsekvensar for det praktiske kristne liv. Det kan vere naturleg å velje berre dåps- og nattverdsalmar, men det kan vere like naturleg å leite i kapitla om etterfylgjing (nr. 408-439), kjærleik og teneste (nr. 664-681) eller forvaltaransvar og ærefrykt for livet (nr. 711-729). Som dåpssalme denne søndagen ville eg nok valt ein salme som knyt dåpen saman med nattverden og det kristne livet.

Den uunngåelege salmen

604 –  Jesus, livets sol og glede. Denne salmen klarar på meisterleg vis å fortelje halde saman at nattverden er fellesskap med Jesus, gitt oss som ei gåve, og at dette preger livet utanom kyrkjerommet, som også er ei gåve gitt av Gud.

Den uventa salmen

8 – Til høgtid no seg samle, er uventa mest fordi det er ‘feil’ tid i kyrkjeåret, men den får fram nokre sentrale poeng; at kommunionen samlar generasjonane, at Jesus er den beste gåva vi kunne fått og at høgtidsstunda i kyrkja skal ‘leve vidare’ i «kvar manns heim og bu.»

Den utfordrande salmen

678 – Vi rekker våre hender frem. Denne salmen er kanskje litt traust, men den set ord på det at alt er gitt oss «fra kilder utenfor oss selv.» Salmen er utfordrande både fordi den utfordrar vårt eige sjølvbilete som dei som klarar oss sjølve og fordi den utfordrar oss til handling, utan at vi dermed kan skryta av oss sjølve. Kanskje er dette paulinsk teologi i eit nøtteskal?