Kristin Eek, kantor i Steinkjer og Egge
Kort om kyrkjeårsdagen
Vi er midt i treeiningstida, og denne søndagen er tekstane prega av at Gud er trufast og har omsorg for oss. Han sørger for oss og gløymer oss ikkje. To av tekstrekkene har eit klart kvinneperspektiv, og handlar om kvinner som følger og vitnar om Jesus. Spesielt historia om den samaritanske kvinna som fekk livet endra da ho møtte Jesus ved brønnen, viser kor radikal Jesus var. Han brydde seg ikkje om kjønn, stilling eller stand, falske eller sanne rykte, men sette alltid mennesket først. På same måte burde det vere for oss i dag. Ser vi medmenneska våre med augo til Jesus og søkjer vi Guds rike? Tekstane utfordrar oss til å følge Jesu spor og vise omsorg for medmenneska våre.
Dagens bøn
Trufaste Gud, du kan aldri gløyma borna dine, og du veit kva vi treng. Vi bed deg: Fri oss frå angst og uro og lær oss å leva i tillit til di omsorg, så vi søkjer ditt rike, ved Son din, Jesus Kristus, Vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.
Salmeval
Denne dagen kan ein bruke salmar som handlar om omsorg, truskap og etterfølging. Det er også naturleg å ta med noko som utfordrar oss om forvaltaransvaret og vårt ansvar for medmenneske i heile verda. Aktuelle avsnitt er: Guds omsorg 307-334, Truskap og etterfølging 408-439, Kjærleik og teneste 664-681, Misjon 682-700 og Forvaltaransvar og ærefrykt for livet 711-729. Ein kan også nemne 989 Søk først Guds rike, som går rett inn i første rekkes evangelietekst. Som dåpssalme denne dagen kan ein bruke 331 Du lyser din fred over barnet. Oppsummering av temaet denne dagen finn vi i tredje strofe: «Det kviler i armane dine, det lever i ly av di omsorg». Som nattverdsalme vil eg spesielt trekke fram 620 Hellige mysterium. Denne filippinske salmen har nokre aspekt som passar til dagen bl. a. blir nattverden omtala som «omsorg uten grenser».
Den uunngåelege salmen
409 – I dine hender Fader blid. Dette er ein av fleire salmar som passar svært godt til denne dagen. Salmen har ein tillitsfull tone, og er prega av trua på Guds omsorg. Vi legg vårt liv i Guds hand, og han sørger for oss og åpnar himmelriket for oss.
Den uventa salmen
433 – Da Herren kom til denne jord. I det siste verset identifiserer Herren seg med menneske i smerte: «Han bor i sine minste små, en ordløs bønn fra åpne sår». Kvart vers blir avslutta med oppmodinga «Følg meg hvor jeg går». Dette er ei oppmoding om å følge Jesus, og også engasjementet hans for utstøtte og svake grupper.
Den utfordrande salmen
719 – Vår Far, vi må bekjenne. Ein utfordrande salme som passar til denne dagen. Salmen er utforma som ei syndsvedkjenning der «vi blindes av vår rikdom» og «vi sløser i vår velstand». Siste verset utfordrar oss til å dele rikdommen vår med dei som har mindre enn oss. Dette er ei enorm utfordring for oss som lever i eit av verdas rikaste land.